Strålande gitarspeling av Mandelid

img_7539

På solfylte laurdag ettermiddag var det duka for Rune Mandelid og hans gitarar på Ole Bull-akademiet. Tilbake på oppvekststaden spela han ein variert konsert som var minst like fin som veret. Låtane var åpne og hadde delar som ikkje var komponerte som vart til etter kvart og denne friheita visste Mandelid å utnytta fabelaktig. 

Musikken var som ei fargerik og spanande reise igjennom landskapet som vart til underveis som vart svært godt motteken av publikum.

Rune Mandelid vert også høyra på laurdag kveld då på scena som gitarist i Sonic Stories. 

Del gjerne!