Stor ung improviserande og imponerande bandprestasjon

Ungdom frå heile Hordaland hadde innteke Park og vart møtt av ein engasjert og interessert fullsett Festsal. Bergen Ungdomstorband har ei imponerande rekke av dyktige musikantar og denne ettermiddagen stod solistane i kø for å syna sine dugleikar fram for eit takksamt og hyppig applauderande publikum. Reportoaret bestod av eit vidt spekter av sjangrar frå eksotiske og tropiske latinrytmar til blues jazz og rocklåtar. Dette vart ei verkeleg fengande og svingande oppvisning som dirigent Are Ovesen leikande lett leia bandet vel i havn med. Det denne gjengen diska opp med av tonar frå congas og ei suveren blåserekke heldt i massevis for å varma sjølv det kaldaste jazzhjarta.

Del gjerne!