Sprudlande speleglede på Badnajazz

Pasborg/Jobarteh (Foto: Runhild Heggheim/Vossa Jazz)
Pasborg/Jobarteh (Foto: Runhild Heggheim/Vossa Jazz)

Det var ikkje lett å sitje stille under årets fyrste Badnajazz-konsert i Festsalen. Stefan Pasborg og Dawda Jobarteh aktiviserte store og små med forrykande rytmer og fantastisk strengespel. Miksen av afrikansk tradisjonsmusikk og klassisk amerikansk 60-talsjazz høyrest kanskje ut som ein musikalsk blanding kun for dei invidde. Det viste seg å ikkje stemme: Rå energi, rytme og sprudlande speleglede slår alltid an, både hos store og små.

Del gjerne!