Spirituell opplysing

Bushman's Revenge

Bushman’s Revenge byrja eventyret med å hyrda publikum med inn til ein shaman som satt oss ned rundt eit levande bål. Buskemennene omringa oss med den stammeaktige musikken som dirigerte flammane flygande rundt kring i rommet. Flammane skildra eit landskap som var langt vekke frå det naturlege habitatet til buskemennene, nemleg dei mektige Himalaya-fjella. Publikum fekk dei idylliske fjelltoppane visualisert framfor seg, og den friske brisen som strauk langs dei lene fjellsidene kom flytande inn i salen.

”It’s always calm before the storm”, seier ordtaket og brått så tetta himmelen seg til. Hardrock-jazz-fusjonen besudla himmelen med myrke, atombombeliknande skyer som skapte ei dyster stemning i rommet. Men buskemennene fekk det dystre til å verke vakkert og skapte ein storm av musikalske kombinasjonar som laga ekko rundt i heile Nepal.

Bålet lokka oss i publikum inn att i varmen med siste låt ”Contemplation” som tamde stormen, med ein rolig pisk som kunne ha temd alt som finst av vilt.
Dei hypnotiske akkordane som kom ut av gitaren, dei kontrollerte klimpre lydane av bassen, og dei spirituelle rytmane frå trommene fekk til og med fjella til å stå og måpe.

Stormen stilna men har skapt evige arr i oss alle.

Del gjerne!