Songar om ting

karin_krog

Tingingsverket var eit gledeleg gjensyn med to av dei verkeleg store fiskane i jazzdammen. Karin Krog og John Surman presenterte eit knippe nydelege songar i staden for eit heilt verk. Det fungerte godt foran ein fullsett Vossasal.
Ein leiken og godlynt John Surman var verkeleg ein Happy mann i kveld. Han spøka og småprata frå scena og serverte dansande klarinett av verdsklasse.
Karin Krog viser at ho framleis er nummer 1. Ho har den unike stemma som tek deg tilbake til alle dine barndoms minner – som til dømes i Pebbles Song der ho tek deg tilbake til stranda du vitja då du var liten.
Bandet må også nemnast. Stein Inge Brækhus dansar på trommene og gir oss ein fantastisk intro på Rain Song medan Ivar Kolve dryssar fram magiske regntonar frå vibrafonen. Magne Thormodsæther groovar fram stødige bassgongar og gitarvirtuosen Bjørn Klakeggs sitrande spel er uforgløymeleg.
Avslutninga Monkish song held stilen; leikent rytmisk og eggjande riktig i Thelonius Monk si and. Eit verdig punktum på eit strålande tingingsverk signert Krog og Surman.

Del gjerne!