Smoky jazzrype og Sporty vikar

nikolaiseneick_adnedyrnesli-web

Det er berre å lene seg tilbake og la musikken fylle heile kroppen. Men kvar er Mathias Eick? Me får høyre at han er heime med si høgravide kone og ein kan jo ikkje gjere anna enn å akseptere det valet. Heldigvis har Nikolaisen med seg ein strålande vikar Evind Lønning. Vikaren leverer så det ljomar og resten av bandet strålar med.

Elvira Nikolaisen har vandra ulike vegar i musikkverda og det skal seiast at ho taklar jazzsjangeren med stil kanskje var det alltid ei lita jazzdronning gøymd bak dei blonde lokkane. Stemma hennar er botnlaus ein kan drukne i ho. Songane som blir framførde er stort sett plukka frå hennar eiga og Eick si plate: «I Concentrate on You». Den inneheld kjende jazzlåtar frå kjende artistar Nikolaisen nemner mellom anna Nina Simone som ein stor inspirasjon. Kjærleiken tek aldri slutt. «Don’t Smoke in Bed» «The Other Woman» og «You Can Have Him» blanda med ein liten knekk i røysta gjer stemninga atmosfærisk og drøymande; Fortryllande!

Del gjerne!