Slagkraftig humor på Fleischers

img_7274

Pratagraf vart eit særs vellukka møte mellom Cubanske rytmar og norske ord skal ein tru reaksjonane frå ein fullsett sal på Top Spot Fleischers. Ordkunstnarane Are Kalvø og Espen Beranek Holm presenterte lett satirisk humor akkompanert av friske trommerytmar. Mobildialog til mystiske klangar friske parodiar og klåre linkar til kjende og kjære NRK-program vart applaudert av eit særs begeistra publikum. Dei fire trommeslagarane i Jon Balke sitt perkusjonsforum bygde opp stemningar som saman med treffsikre ord fekk taket til å letta.

Del gjerne!