Sjelfullt i Osasalen

Wu Fei trakterar det kinesiske strenginstrumentet guzheng. Den klare klangen i instrumentet sette stemninga saman med regnet utanfor. Den kraftfulle stemma bar godt i Osasalen med eit lydhøyrt publikum som visste å respektera den vare stemninga. Opp i alt det forsiktige så var det ei kraft som gjekk gjennom heile framføringa – ein perfekt sundagskonsert.