Sigrid Moldestad

Foto: Magnus Skrede

Supertaus Sigrid Moldestad kjem til Voss med ny plate og nye songar i kofferten etter suksessførestillinga og plata TAUS som ho mellom anna vann Spellemannsprisen 2007 for.

Med sine særeigne formidlingsevner er ho nok ein gong klar til å framkalle både latter og tårer. Ho har med seg sjølvskrive materiale i tillegg til å ha tonesett Robert Burns – som er vakkert gjendikta til nynorsk av Johannes Gjerdåker. Med fela og hardingfela spelar ho på råskapen i folkemusikken og byr på musikk av både ny og gamal årgang.

Moldestad er trufast mot tradisjonane men utfordrar òg musikken og gjer han til sin eigen. Det klarar ho gong på gong – du får ikkje betre start på dagen enn å høyra henne på Tre Brør sundag morgon!

Sigrid Moldestad – vokal fele hardingfele Sigbjørn Apeland – trøorgel Jørgen Sandvik – gitar banjo mandolin Anders Hall – fele bratsj hardingfele Stein Urheim – gitar

www.myspace.com/sigridmoldestad

English: Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad is a vibrant and versatile artist with exceptional communicative abilities. New songs old songs strong and beautiful stories. Her fiddling and singing bring out both tears and laughter. Moldestad was awarded the Norwegian Grammy 2007 for the album “Taus”. In her latest project she has recorded songs by Robert Burns lyrics of Norwegian poet Jakob Sande and her own songs and instrumental tunes. Her rapport with the audience is quite extra-ordinary and her soft voice makes it worth the trip regardsless of your lack of Norwegian language.

Tre Brør Café sundag 11:30. Billettsal under festivalen.