Side Brok heime att

”Voss me elska dokke” braut Skatebård ut til publikum fredag kveld. Den første konserten Side Brok spelte utafor heimbygda spelte dei på pentagon og det var tydeleg at no var dei tilbake for å gi alt. Etter ein funky start med blåserekke og gitar entra Sjef R scenen ikledd kjortel og hatt og delte ut røykjelse. Seinare var både Sirkel Sag og Torstein Hyl innom scenen og godlåtar vart servert ei etter ei. Dei fleste gav nok ”heile handa” på konserten i går for dei hadde ”ikkje noko å vera skjemde tå”.