Salig i Vangskyrkja

luke6_0

I ei overfylt Vangskyrkje sundag ettermiddag var forventingane høge til duoen Herborg Kråkevik og Anne Grethe Preus. Etter ein litt forsinka start grunna stor pågang kunne me endeleg senkje skuldrene og nyte konserten med kropp og sjel. Gjennom ein god time fekk me servert eit mangfald av songar – frå salmen ”Å leva det er å elska” til lyrikk av Bob Dylan. Fellesnemnaren for songane var det største temaet i livet: Kjærleik. Preus og Kråkevik sine stemmer utfylte kvarandre svært bra og saman skapte dei ein salig stemning i Vangskyrkja.

Del gjerne!