Rørande vakkert

img_5999csandrajecmenica

Vossasalen var meir enn fullsett då Solveig Slettahjell og Slow Motion Orchestra stod klare til å servere eit forventningsfullt publikum. -Takk til alle dykk som er komne og til alle dykk som ikkje kom inn! smilte Solveig Slettahjell. Ho takka også Vossa Jazz for høvet til å skrive tingingsverket.

På førehand har Slettahjell uttala at ho har hatt ein cowboy sitjande på skuldra gjennom heile skriveprosessen. Det må i så fall ha vore ein i fløyelsmjuk og nybarbert utgåve! Verket hennar var som balsam for sjela med nydelege tonar som traff rett i sjela på dei mange frammøtte. Publikum sat som trollbundne fram til siste song. Etterpå ville ikkje jubelen ta slutt. Slettahjell og musikarane måtte fleire gongar fram att på scena. Som siste avslutning framførte heile bandet ein voggesong a cappella. Det kan ikkje skildrast som anna enn rørande vakkert. I augneblinken før applausen nok ein gong braka laus såg kunstnar Oddvar Torsheim sitt snitt til å springe fram til scena og overrekke Slettahjell eit av sine kunstverk: Siri syng fjordblues. Komponisten var tydeleg takknemleg!

Tingingsverket er eit samarbeid mellom Vossa Jazz og Rikskonsertane og skal på turné i haust. I tillegg til sitt faste band Slow Motion Orchestra hadde Slettahjell med seg Constanze Burger (18) og Sigrid Rekve (15) som til vanleg syng i Refleks Ten Sing. Jentene gjorde ein formidabel innsats. Det same skal seiast om dei fire lokale mannskoristane som var del av årets tingingsverk.

Del gjerne!