Piggete monster med prikkete hale i doskåla på Kulturhuset!

Førestillinga “Hva kommer nå?” gjekk rett heim hjå dei mange borna (og foreldra) som satt spreidd utover madrassar framføre scena på Kulturhuset. Frode Eggen improviserte fantasifulle og underhaldande forteljingar i samarbeid med dei mange oppfinnsame bornehovuda – piggete monster med prikkete hale i doskåla ferieturar som endar i ein kvalmage kamp mot romvesenkongar og gjengløymde grandisar i komfyren fekk salen til å hyle av både latter og frykt.

Mellom forteljingane song Eldbjørg Raknes akkompagnert av Eirik Hegdal på saksofon og fekk den fullstappa salen med på song og dans. Leikande videokunst og lyssetjing og spanande lydeffektar gjorde at borna verkeleg levde seg inn i både forteljing og musikk.