Frøy Aagre er spådd ei svært lovande karriere som saksofonist noko ho beviste til fulle. Ho hadde med seg særdeles kompetente og allsidige kompanjongar då ho inntok Vossasalen fredag kveld. Vakre til tider dristige komposisjonar kom på rekke rad i samspel med trompetist Mathias Eick eller åleine med komp. Publikum fekk presentert eit variert program som nok tilfredstilte både dei mildare sidene sine med balladar så vel som krevjande sekvensar med fabrikkstøy som inspirasjon.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.