Nymark Collective med Kristin Asbjørnsen

nymark

Då supergruppa Nymark Collective og Kristin Asbjørnsen i 2005 blei invitert til å halde ein tingingskonsert med den gamle blueslegenda Bessie Smith sitt materiale hausta dei stor applaus og merksemd. I går spela dei for jazzglade vossingar i ein vakker konsert med både jazzballader inspirert av Smith og ein del eigenkomponert musikk.

Kristin Asbjørnsen har tolka Bessie sine slagarar på sin eigen måte med god hjelp frå dei fire i Nymark Collective. Kristin si unike stemme Kåre Nymark sin jamrande trompet og Tord Gustavsen sitt improviserande pianospel gjorde det heile til ein gnistrande konsert med fengande jazztakter.

Del gjerne!