Ny billettdistributør

ticketco

Frå 1. desember kan du kjøpa billettar til Vossa Jazz 2014 hjå TicketCo. Då vil festivalpass til spesialpris dagskort huskort og billettar til Tingingsverket vere klare for sal. Andre billettar vert lagt ut for sal i løpet av januar.

Billettane kjøper du på nett; bruk datamaskin nettbrett eller smarttelefon. Billettane kan du skriva ut og ta med eller rett og slett bruk QR-koden som me scanner  i døra. OBS! Dersom du har kjøpt dagskort eller festivalpass må dette som tidlegare bytast i armband.

Billettkontoret vårt under festivalen vil som dei siste åra halde til på Park. Her kan du som tidlegare kjøpa billettar.

For dei som er på Voss og helst vil kjøpa billettar over disk på førehand vil dette vere mogeleg hjå Vossevangen Libris nokre laurdagar i 2014. Meir informasjon om dette kjem. OBS! Fram til 24. desember kan du få kjøpt festivalpass til førjolspris i bokhandelen.

Men aller først: Billettar til årets Jolajazz ligg no ute for sal! Desse kan du òg kjøpa i resepsjonen på Park.

Del gjerne!