Nordisk meister i folkemusikk til Vossa Jazz

sver_0

Felespelaren Olav Luksengård Mjelva i gruppa Sver vart nyleg kåra til Nordisk meister i folkemusikk. Deltakarane frå Finland Danmark Sverige og Noreg tok utgangspunkt i folkemusikk frå heimlanda sine og Mjelva spelte både fele og hardingfele.
– Ein slik konkurranse er ein fin måte å få vist seg fram som musikar på seier Mjelva. Ein av dei fire dommarane Kjell Bitustøyl fortel at det var ein klar siger:
– Mjelva er ein glimrande teknikar. I tillegg er han ein felespelar med særpreg. I finalen kom det kanskje aller best fram då han trakterte hardingfela. Eg kjenner Olav godt frå før så eg overlet litt til dei andre å seia noko fyrst men dei trong ikkje lang tid. Fyrsteplassen var einstemmig i dommarpanelet.
Luksensgård Mjelva er ein premiert musikar og tidlegare har han gått av med sigeren både under Landskappleiken og Fanitulltevlinga på Ål. Det er med andre ord duka for meisterspel når han og musikarkollegane i Sver entrar scena under Vossa Jazz laurdag 4. april!

Del gjerne!