Musikalsk reisebrev frå Canada

_dsc1710-2

Godt akkompagnert av Alexander Lund på kontrabass og Annlaug Børsheim på gitar og fele losa forfattar- og reisekameratane Dag Helleve Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad publikum på Fleischer’s på kryss og tvers gjennom Canada. På glitrande og humoristisk vis fekk ein slik innblikk både i canadisk kultur eit fjernt geografisk landskap og i den interne dynamikken i ei samansveisa venegruppe. På toppen av det heile vert det servert litterære og musikalske smakebitar i særklasse. Børsheim og Lund byggjer opp stemninga med tradisjonelle nordamerikanske tonar så vel som rockeklassikarar frå kjende canadiarar som Joni Mitchell og Leonard Cohen (sjølvsagt i nynorske omsettingar) og assisterer såleis dei frammøtte med å drøyma seg bort til det omtalte kontinentet. Men det er framfor alt forteljinga som står i fokus denne kvelden og denne vert så klart meisterleg levert av den erfarne forfattartrioen Helleve Hovland og Kaldestad.

Del gjerne!