«Momento Magico»

Youn Sun Nah Foto : Erik Åsheim
Youn Sun Nah

Med ei mystisk og magisk rørsle, sto Youn Sun Nah brått på scena. Med den skjøre og forsiktige stemma som introduserte seg sjølv tenkte nok mesteparten av vossajazzarane i Gamlekinoen at dette kom til å bli ein roleg konsert. Så feil kan ein ta. Youn Sun Nah og bandet trøkte til med eit mystisk spekter av låtar, og med den fortryllande stemma til Youn i spissen, blei heile salen trollbundne.

Overnaturlege krefter tok over Youn Sun Nah og bandet, då dei byrja å spele ”Momento Magico”. Vossajazzarane satt slukte og måpa til dei guddommelege musikarane. Med coverlåtar av alt frå Jimi Hendrix til Tom Waits skaut Youn Sun Nah og bandet lynnedslag utover rommet og skapte ein elektrisk stemning i salen.

Youn Sun Nah avslutta konserten med Tom Waits låta ”Jockey full of bourbon”, kor ho heldt seg for nasen, for å få den særegne «grautete» Tom Waits-stemma. Dette var eit spektralt og lidenskapleg punktum på konserten.

Del gjerne!