«Mellom panikk og kjedsomhet»

alterhaugdale

Vossa Jazz skipa i november til seminar for hovudsponsoren vår Vossa Jazz lauget der tema var korleis ein kan nytta improvisasjon i det daglege arbeidet.

Det var jazzmusikar og professor Bjørn Alterhaug saman med Olav Dale som nytta musikken til å visa kor viktig improvisasjon er i det daglege. Bjørn Alterhaug har gjeve ut over 120 verk har spelt med fleire av jazzen sine legender. Vossing og jazzmusikar Olav Dale debuterte under Vossa Jazz i 1974 og har sidan den tid spelt med fleire store internasjonale jazznamn og er sentralt medlem i fleire band m.a. som musikalsk leiar for Bergen Big Band.

Det var eit inspirerande og spanande møte mellom musikarar og tilsette hjå medlemmane i Vossa Jazz lauget. Musikararne viste at improvisasjon er å leggje til rette for god kommunikasjon. Dette er tydleg i samspelet mellom musikarar men òg andre yrkesgrupper kan ha noko å læra av jazzen sin grunnleggjande haldning og vera medskapande og ikkje ha altfor stor frykt for å gjera feil.

Del gjerne!