Lun musikkvev i Festsalen

kjersem-1-2

Hilde Marie Kjersheim varma fredagskveld mang ein Vossajazzar. Med sine fortryllande songar vart publikum fjetra og kombinasjonen av nære og såre melodiar opp mot sterke tekstar gjorde eit usletteleg inntrykk på kalde vestlandshjarte. Det kjenslevare musikklandskapet veksla ein stad mellom pop jazz og country med fellesnemnaren at ein kjende eit sterkt tilhøyre og nærleik til det som vart formidla.
Harpa og musikaren vart ofte eitt og backa opp av eit drivande dyktig band spreidde ei god kjensle seg som eit lunt teppe om publikummet. Teppet var vevd saman av ei stemmeprakt eit band og tekstar som umiddelbart kom under huda og den lune kjensla vart hengjande i utover konserten. Om det vart for heitt under pleddet fekk ein og sjansen til å lufta seg til meir fengjande poptonar som rista liv inn i folket. “Gjysla bra” ytra ein begeistra publikummar under konserten og det såg det ut til at ein samla festsal var einige i.

Del gjerne!