Lomhund, kvepsabøl og andre jazzstubbar

Foto: Iver Finne

Vossa Jazz er staden for utframføringar. Eit av dei står det unge ensemblet Significant Time for. Desse framtidshåpa i norsk jazz har dykka ned i vossafolkloren ført i pennen av Per Sivle. Då vert det gjerne både humoristisk og lærerikt, noko vokalist og potetbonde signe Irene Time formidla med overtyding, både musikalsk og agronomisk. Når ein har skrivekunst på så høgt nivå, er det på sin plass at nivået på musikken står i stil. Ein må sei at her står dei fjellstøtt side ved side, som om Sivle sjølv stod og overvar seansen.

Del gjerne!