Lite lys og mykje varme

Sudan Dudan (Foto: Vossa Jazz/Inga Henriette Undheim)
Sudan Dudan (Foto: Vossa Jazz/Inga Henriette Undheim)

Det knirka ordlaust i det 700 år gamle treverket då 60 heldige tilhøyrarar fann plassane sine for å røyne makelause Sudan Dudan fylle eit utseld Finnesloft av folketonar med røter i ein minst like gammal musikktradisjon. Og det var like mørkt som det var kaldt då dei første gneistrande skjøre harmoniane tona or langeleik og gitar. Med vokalharmoniar som får is til å breste tok det heller ikkje lang tid før varmen på loftet steig.

Den vokale folkemusikktradisjonen duoen Marit Karlberg og Anders Erik Røine inviterer oss inn i, kan beskrivast som eit univers av tapre riddarar, trulause prinsesser og forvirra spelemenn. Det er mykje kjærleik, død og sorg. Det er litt politikk, men òg rom for fest i den groovy folkemusikken – med klangbotn i både mellomalderballadar, salmesong og americana.

«Aller helst skulle vi alle kledd av oss, for ei optimal auke i temperturen her inne», humra duoen etter den første låta. Da den siste harmonien i den siste låta tona ut, var det likevel som sjølve treverket på Finnesloftet applauderte med varme og takksamme knirk.

Del gjerne!