Laurdagens høgdepunkt for bluesentusiasten

yngve_boogie

Festsalen vart full allereie 15 minutter før men dei unge vossingane i Yngve and his Boogie Legs let seg ikkje affisere av det. Allereie frå fyrste akkord tok dei med publikum inn i bluesens verden med eit fyrverkeri av eit låtmateriale og gutane fekk verkeleg demonstrert kva for eit musikalsk talent som bur i dei. Gjengen manifiserte at dei hadde publikum i si hule hand då kontrabassen innleia ein djup og melankolsk solo etterfølgt av eit suverent munnspel før gitaren overtok med ein solo så seig og god at ein kunne bli gal av mindre – eit musikalsk kunststykke som garantert gjekk inn til ryggmargen på tilhøyrarane. 

Då konserten var over  freista bandet å gå ned frå scena men ei trampeklappande forsamling og eit samstemt "ein te" som runga gjennom heile Festsalen nærast lyfta bandet tilbake for eit ekstranummer og hadde Yngve og gjengen hans fått lov kunne dei garantert underhaldt publikum til langt uti laurdagsnatta.

Yngve and his Boogie Legs – Eit av dei store høgdepunkta under Vossa Jazz 2012

Del gjerne!