Lågmælte rop over stjernebru


Lukkeleg var forsamlinga som hadde samla seg i mørkret i Osasalen for å sjå og høyre Torhild Ostad og Carsten Dahl denne solrike sundag ettermiddagen. Eller rettare: Forsamlinga visste nok kva dei gjorde – for denne konserten var sjeldan vare.

Det er 20 år sidan Ostad, knappe 25 år gammal vart omtala som eit kvinneleg svar på Sondre Bratland etter å ha platedebutert med Blomar i moll. Sidan har det vore stille, til ho i fjor ga ut plata Jeg roper til deg saman med Danmarks internasjonalt mest profilerte pianist, Carsten Dahl. Dei to har sidan berre gitt nokre få konsertar saman – utan at det prega det finstemde samspelet.

Saman baud Ostad og Dahl på ei utvald samansetjing tradisjonelle bånsullar, kveldssalmar og eigenkomponerte tekster og melodiar. Fellesnemnaren er kveld som lir mot natt, og i ettermiddag let det som Dahl leigde Ostad over stjernebru med dei lågmælte og lyriske improvisasjonane, medan Ostad på si side gav oss hjartefred og ro med si kvedande røyst.