Kveik, pylsa og vårsol

Vossakveik (foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)
vossakveik2019,lars.finborud

Det årvisse samfunns- og næringslivsseminaret er langt meir spennande enn det ein kan få inntrykk av med slike o-fagsord. Det viste att i både programmet og dei mange frammøtte som fekk både godt i glaset, neven og hovudet. Vossakjøt hadde maten klar, dei lokale bryggeria stilte med flytande godsaker, men det viktigaste av alt stod dei på scena for:

Tina Kjerland gav publikum reine statistikkar for pengane, ordførar Hans-Erik Ringkjøb leia debatten der deltakarane kunne avsløra hemmelege perler frå Evanger, Granvin og Vossastronde og til slutt underheldt Thomas Giertsen med nokre visdomsord om kvifor flinke folk kan mislukkast. Hedvig Mollestad presenterte ein saftig smakebit frå tingingsverket på laurdag, noko som gav meirsmak.

Så kunne folk gå ut i den strålande aprilsola og tenkja over dagens Vossakveik-tema: ER Voss ei bygd for framtida? (Svaret er sjølvsagt ja, om nokon lurte.)

Del gjerne!