Kurs i Lindy Hop!

Foto: Lindy Hop

Laurdag 12. april blir det kurs i swingdansen Lindy Hop på Vossa Jazz! Lær deg å danse ein av dei eldste og mest leikne swingstilartane, til ekte swingjazz! Kurset er eit lynkurs som passar for dei som ikkje har dansa før, eller for dei som har noko kjennskap men ynskjer å trena meir på det grunnleggande. Kurset startar med introduksjon av dei heilt grunnleggande med mykje fokus på føring- og følgingsteknikk, før me jobbar oss vidare gjennom fleire turar og steg. 

Det er ingen krav til forkunnskaper, alder eller følge/partner, og det blir lagt opp til rullering av partnerar slik at alle dansar med alle. 

Lurer du på korleis Lindy Hop ser ut? Sjekk ut denne videoen som viser korleis det ser ut når det vert dansesirkel på Lindy Hop-festival i Oslo: 

Lindy Hop blir ofte kalla «alle swingdansars mor» ettersom både Boogie Woogie, Jive, West Coast Swing og fleire andre swingformer stammar frå Lindy Hop. Den vert som oftast dansa til swingjazz frå 1920-, -30 og -40-talet, men den kan dansast til det aller meste av musikk, i både lågt og høgt tempo, så lenge det svingar! Lindy Hop er ein internasjonal dans, så har du først lært deg litt grunnleggande kan du dansa deg gjennom heile verda! 

For å vera med på kurset kan du kjøpa festivalpass, dagpass eller huskort til Ungdomshallen. Då vil du også få tilgang til kveldens jazzjam så lenge det er plass. Me vil tilrå at du kjøper plassbillett for å sikra deg plass til kurset.

På kvelden speler Griegakademiet, under namnet Moods, dansbar swingjazz. Då blir det moglegheiter for å testa dei nye dansekunnskapane til livemusikk!

Del gjerne!