Kollasj – Ay caramba!

For fjerde år på rad vart Vossa Jazz vitja av Jazzlinja i Trondheim. Dei ni musikarane som for anledninga utgjer gruppa “Kollasj” underheldt eit fullstappa Fraktgods med alt frå kompromisslaus rockabilly/surf melodiøse jazzballadar hardtslåande be-bop og eksploderande samba. Ay caramba!

Sjølv om det var flust av imponerande enkeltprestasjonar er det samspelet som verkeleg gjer Kollasj til noko utanom det vanlege: når to trommisar (fordelt på halvanna trommesett) to kontrabassistar to trompetistar to gitaristar og ein pianist dundra saman i siste nummer var gåsehuda til å ta og føla på hjå det entusiastiske publikummet.

Tre av desse unge magikarane speler fredag kl. 20.00 på Tre Brør under namnet “The Buddy Heartshock” gå ikkje glipp av dette.