Klubb: Jassbox

espen_horne_0

Etter oppstarten i 2007 har Jassbox fortsett å begeistra publikum med sin pot-pourri av ulike artistar frå ulike miljø og av ulik nasjonalitet og ikkje minst med ulike musikalske referansar. Alt frå hardcore bop med rapparar soul-jazz frå Madrid og indiemusikarar frå den bergenske undergrunnen som tolkar funk og blues – det kokar!

Til Vossa Jazz vil dei gjerne presentera breidda i dette lokale spekteret og tek med DJ Stig Paa rappar Action The Man initiativtakar og sjølve Herr Jassbox DJ Espen Horne samt ein av dei mest spennande vokalistane frå Bergensområdet Miss Tati (Tatiana Palanca). Etter å ha kora med eit utal band (Syntax TerrOrkester Datarock Kakkmaddafakka og Fagernes Yachtclub som spela på årets Jolajazz for å nemna nokre) har ho meir og meir funne si eiga stemme og for dei som har sett ho så er ord som ”sensasjonell” og ”brilliant” lette å ta i bruk.

Jassbox spelar mellom og etter konsertane på Pentagon fredag og laurdag – dette blir garantert tidenes Vossa Jazz-klubb!

Miss Tati – vokal
Espen Horne – DJ
Stig Paa – DJ Action
The Man – rap

Del gjerne!