Kåre Kolve om å spela på Vossa Jazz:

kaarekolve_0

«Vossa Jazz har betydd mykje for meg det var ein moglegheit til å kunna høyra store internasjonale og nasjonale artistar i heimbygda. Dette var ei god inspirasjonkjelde for meg til å bli musikar.

Når det gjeld konserten med kvartetten min er det vel fyrste gong på mange mange år at eg spelar på Vossa Jazz med materiale eg sjølv har skrive.

Om folk skulle lure på kva som er den eigentlege Kåre Kolve er dette muligheten til å finna det ut. Samstundes må det nemnast at eg er utruleg stolt over kvartetten min og mine medmusikarar; dei er med å løfta musikken min til nye nivå. Stilistisk kan ein vel seie at musikken ligg i eit nordisk/ europeisk landskap der komposisjonane er det berande element.»

Del gjerne!