Kåre Kolve Kvartett

Kvartetten er leia av saksofonisten Kåre Kolve som òg har skrive alle komposisjonane som vert framførte. Vossingen har over 20 års fartstid bak seg og har jobba med artistar som Randy Brecker Guy Barker Vinnie Colaiuta Terje Rypdal og Vigleik Storaas. Med debut-albumet «My Direction» frå 2009 har Kolve vendt tilbake til den akustiske jazzen. Musikken ligg i det musikalske landskapet ein gjerne kallar europeisk jazz med referansar til musikarar som Django Bates Keith Jarrett og Jan Garbarek. «Han veit kva han gjer «veteranen» som etter den smeikjande innleiinga serverer eit knippe låtar med stor spennvidd i fine arrangement for eit band med like dugande solistar» skreiv Dagsavisen. Og bandet han har med til Voss består av tre unge musikarar som trass sin unge alder allereie er godt etablerte på den norske jazzscena og som alle har sitt utspring frå Jazzlinja i Trondheim.

 

Kåre Kolve – saksofon
Espen Berg – piano
Jo Fougner Skaansar – kontrabass
Magnus Forsberg – trommer

Dersom du har Kulturkort for ungdom får du rabatt på denne konserten. Då kjøper du billett på billetkontoret på Park under festivalen.

English:
Kåre Kolve Quartet

 

Local sax player Kolve has been performing a good 20 years and worked with artists like Randy Brecker Guy Barker and Vinnie Colaiuta. He released his debut album «My Direction» in 2009 with a return to the acoustic jazz what might be coined European jazz a la Keith Jarrett and Jan Garbarek. He performs with an exciting backup band consisting of experienced although young musicians from the renowned Trondheim Jazz Academy.