Kaoskontroll

Med kaptein og shantymann Vatle i spissen jaga rockekoret publikumet ombord på skuta. Me var mannskap og vart geleida med kyndig hand i rykkesjantiar balladar og halesjantiar av koret. Bandet har musikalsk stålkontroll på det dei gjer det er leikent klangfullt og rock ’n roll for fulle segl. Det heile endar i eit deilig sjøslag folk dansar og hoppar og det heile ber rett i sjømannens monsterhit Drunken Sailor. Let’s board the ship!