Jolajazz

jazz11

Tine Taule i PRINCE Generations

5. joledag vart tradisjonen tru Jolajazz skipa til. Det var isande kaldt ute men inne var det varmt og godt. Den yngre garde drog i gang ballet; jentebandet Sister Sadie etterfulgt av Nightlights syner at det gror godt blant jazztalenta i Vossabygda.

Trioen Klovning / Tveite / Jensen som er studentar frå Jazzllnja i Trondheim og Griegakademiet i Bergen skapa magi. Det nystarta bandet D`FUNKER Olav Undeland Novgorod Bitu and the bandits og Prince Generations sytte for at det vart servert funk jazz og blues som fekk eit feststemt publikum til å dansa jolas freistingar ut av kroppen og få nytt musikalsk påfyll. Godt å ha med seg inn i det nye året!

Del gjerne!