Jazzmenneske på torget

Biletkunstelevar frå Voss Kulturskule, under leiing av Marit Wernberg, har innteke torget på Vangen med ei samling fargerike skulpturar i høve jazzhelga. “Jazzmenneske” er tittelen på utstillinga, som kretsar kring temaa kropp, rørsle og forenkling. I følge utstillingsteksten laga dei unge kunstnarspirene skulpturane med utgongspunkt i desse spørsmåla:

Kor enkelt kan ein menneskefigur uttrykkast? Kva må til for at me skjønar at det skal førestelle ein kropp og ein positur? Korleis kan ein stilleståande skulptur vise rørsle? Og ikkje minst, korleis får me skulpturane til å stå stødig?

Dei som har laga skulpturane er:

Anastasia Belova, Anders Gjervik, Anette Øvsthus, Annemarta Haug, Dagmara Dakajeva, Elion Fjose, Elise Haug, Elly Akselberg, Fryd Kaland, Guro Rong, Inger Marie Sekse, Ingrid Håheim, Ingrid Næss, Kari Remme, Kari Remme, Kari Opheim, Kristi Adal-Haug, Levi Holandsjø, Malin Eriksen, Mari Berntzen, Mia Kvist, Natthanan Jantamala, Ruth Lydvo, Sigrid Horvei, Silvi Khilouian, Synneva Hegland og Synnøve Giljarhus.