Jazz og sirkus for folket

Badnajazz arrangerte tog frå torget på Vossevangen laurdag føremiddag. Saman med oppjazza foreldre gjekk borna gatelangs til musikken frå nokre av Räfven sine gladmusikantar. Det svenske humorbandet som du óg kan oppleva på Pentagon i kveld spela til dans frå balkongen framføre ei stor gruppe entusiastiske jazzhøyrarar.