JACOB YOUNG TRIO
Suveren jazzgitartrio
Jacob Young – gitar
Mats Eilertsen – bass
Veslemøy Narvesen – trommer
Med Mats Eilertsen på bass og trommekometen Veslemøy Narvesen bak slagverket er underlaget lagt for at Jacob Young kan briljera med melodisterke komposisjonar og gitarspel i verdsklasse. Young har lenge vore ein premissleverandør i norsk jazz, med ti soloplater – fire av desse på ECM – samt drive Oslo Session Recordings der han mellom anna har jobba med Mike Mainieri og Siril Malmedal Hauge. Han har i tillegg turnert med Manu Katché, Karin Krog og Bendik Hofseth. I hovudsak blir det Jacob Young sine eigne komposisjonar, men også rom for å snika inn eit par standardlåtar. Gitarjazz med tydelig opphav, men med blikket retta framover.
Velkomne til årets gratiskonsert hos Voss Sparebank.