I går var han heilt åleine i dag er han gjest hjå Real Ones

Geoff Berner stod åleine på scena med trekkspelet sitt på Park Hotel Pentagon og fekk salen til å le under den humørfylte konserten fredag kveld. Med ein blanding av stand-up og klezmermusikk var han populær. Fleire og fleire tilhøyrarar strøymde til etterkvart som dei politisk ukorrekte vitsane om alt frå homofile til høgreoriente grupperingar blei akkompagnert av ein særeigen behandling av trekkspel-instrumentet. Berner har tidligare turnert både med Real Ones og Kaizers Orchestra. 

 Ta ein tur i Vossasalen laurdag kveld om de vil sjå meir av Geoff Berner. Han er nemleg ein av gjestene til Real Ones!

 

Del gjerne!