Hjartehoppande sjokk i Westernland

the_buddy_heartshock

Trioen ”The Buddy Heartshock” frå jazzlinja i Trondheim har knapt vore sett saman på ei scene tidlegare men når dei no spela saman på Tre Brør var det eit slåande samla musikalsk bilete som fløymde mot publikum. Med bass gitar og trommer laga trioen eit lydbilete som leika seg med ulike sjangrar men som oftast gjekk mot eit nærast filmatisk landskap med referansar til Americana folk og spagetthiwesterns. Som i ein westernfilm bygde spaninga seg gradvis opp og det var som å følgja helten som listar seg innpå skurken i eit storslått amerikansk landskap. Med stadig nye krumspring vart publikum heile tida overraska men kunne og nikka attkjennande til det som musikarane kalla “nesten Light My Fire”. Publikum rundt kjøkenbord og djupe stolar lente seg attende og naut tonane frå ei svunnen tid.  Og musikken var som westernhelten tøff men med med mjuke augneblinkar.

Del gjerne!