Herborg Kråkevik om Vossa Jazz

 

“For oss unge på slutten av 80-talet og starten av 90-talet var Vossa Jazz noko stort! Det me lengta etter var eit festivalpass det var sjølve inngangen til Paradis; mørke klubbar svartkledde gutar og ustanseleg musikk. Ny musikk vill musikk vár og vakker musikk…

Sjølvsagt mangla vennina mi og eg pengar til dette. Men me hadde storebrødre som velvillig fortalde oss om alt me gjekk glipp av. Dei blæra seg med alt dei hadde høyrt og sett og smaka.

Men så ein dag tok me hemn:
Studentradioen i Bergen var så lette å lura at dei lét oss to gymnasjentene reisa til Voss med bandopptakar og kvart sitt pressekort for å intervjua stjernene. Kanskje var det ikkje så dumt gjort? Kanskje visste dei at om det var noko som kunne få dei aldrande jazz-stjernene i tale så var det to blonde og trinne budeier frå Hardanger…Me kom gratis inn på alt! Triumfen var fantastisk då me strena forbi brørne våre som stod i kø for å kjøpa det teite festivalpasset sitt.
Og ja-det var sant det dei hadde fortalt; musikken endra oss for livet!

Bryan Adams og Tina Turner blei heilt uinteressante for oss no var det Paolo Vinaccia og Marilyn Mazur som skein sterkast på himmelen for oss…og Palle Mikkelborg og Bjørn Kjellemyr og Bendik Hofseth og alle dei andre me såg og høyrde og intervjua. Sidan vart det Vossa Jazz for alle sparepengane då og no og alltid! Hurra for at festivalen framleis finst og tenner nye stjerner på Påskehimmelen!”