Groovy rytmar i Pentagon

gtc

Med ein fot godt plassert i det gylne femtitalet vart Good Time Charlie møtt av taktfast nikkande hovud plystring og velvillig applaus frå eit feststemd publikum. Med ei beinstilling kjend frå gamal rock’n’roll og eit vibrerande adamseple då vokalisten nådde dei høgste oktavane vart jazzarane konfrontert med musikk som sameinar gamalt og nytt med stor suksess. Vokalist Arle Hjelmeland som trufast har vitja Vossa Jazz i snart ein mannsalder blunka flørtande til dei lyttande medan han uttala “you’re so fine” med sin reine og klangrike vokal. Det vart respondert med heva glas for eit etter kvart særs rutinert Good Time Charlie i knallform.    

Del gjerne!