Finsk og finurleg fjerrjazz

mopo_adne-1

Skal ein tru soga fann dei tre musikarane kvarandre som følgje av ein barkrangel i 2009. Saman demonstrerer saksofonist Linda Fredriksson bassist Eero Tikkanen og perkusjonist Eeti Nieminen ein musikalsk råskap og sjeldsynt god kommunikasjon.

Publikum hallar framover frå fyrste tone og let seg viljugt leie. Mopo opnar slusene og let oss inn i ei finurleg verd av blåtonar valsetakt og andefløyter. Upolerte og dedikerte lokkar dei fram jubel og spontane rop frå tilhøyrarane. Trioen tek publikummet sitt på alvor og leverer særeigen og spontan obskuritet til siste tone.

Del gjerne!