Festivalstemning på ypparleg intimkonsert

_dsc1624-2

Kontrast var eit viktig stikkord under Stein Urheim sin fredagskonsert på Tre Brør. På ein knapp time vart publikum nemleg teke med gjennom ei lang rekkje musikalske landskap med inspirasjonskjelder frå alle sjangrar og verdshjørne i alt frå dansbare til nærast stilleståande rytmar og med ulik grad av intensitet men likevel alltid med eit sameinande stilistisk uttrykk bak det heile. Det starta i det stille med berre gitaristen sjølv i sjarmerande beskjeden framtoning. Men snart fekk han tilført større slagkraft i form av Alexander Grieg på bass og trommeslagaren Nils Are Drønen. Med ei presis framføring i eit kafélokale fylt til randa av nyfikne publikumarar gjorde den eminente trioen sitt til å skapa ei intimatmosfære av dei sjeldne og ei svært flott konsertoppleving.

Del gjerne!