Festival Voss søker dagleg leiar

Festival Voss var skipa i 2007 av Vossa Jazz Voss Cup Ekstremsportveko og Osafestivalen. Samarbeid arrangørkunnskap og felles tiltak er tre viktige stikkord for arbeidet til Festival Voss som  sel ulike tenester til arrangørar og andre aktørar og jobbar med ulike prosjekt i Norges mest aktive og kanskje beste arrangørbygd. Selskapet har i dag tre tilsette.

Arbeidsområder for dagleg leiar:

  • Leia administrera og marknadsføra organisasjonen
  • Utvikla og styrka nettverket lokalt og regionalt
  • Skapa ny aktivitet og utvikla nye prosjekt
  • Forvalta og utvikla fellestiltak

Ønska kvalifikasjonar:

  • Dyktig relasjonsbyggar
  • God gjennomføringsevne
  • Sjølvstendig og kreativ
  • God både munnleg og skriftleg
  • Løysingsorientert
  • Økonomisk forståing og sterk forretningssans
  • Erfaring frå frivillig arbeid

Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Torgunn Hegland på 917 34 027 eller styreleiar Oddvar Jansen på 907 55 180. Kortfatta søknad med cv og referansar sendast til torgunn@festivalvoss.no innan 10. juni. Oppstart august eller etter avtale. Løn etter avtale.