Farmers Market – mangfaldig briljans

farmersmarket

Ein fullsatt og fullståande Vossasalen fekk nett det dei ville ha og endå litt til med virtuosane i Farmers Market. Bandet spelte nye og gamle låtar om ein annan og alle til jubel og applaus. Det etterkvart rutinerte ensemblet hadde med seg ein ny «bonde» Filip Ankov Simeonov på klarinett.

Det er vanskeleg å plukka ut høgdepunkt frå ein så til dei grader energisk og velspelt konsert. Publikum var übernøgd og fyrste dagen av Vossa Jazz vart avslutta med musikk verdig 35-årsjubileet og vel så det.

Del gjerne!