Engasjerte og kreative Kiyoshi!

kiy2

Banksmidja var fullsett av folk som var nysgjerrige på den eksotiske Vossa Jazz-kunstnaren. Lovorda sat laust når Kiysoshi Yamamoto skulle gjerast stas på. Kurator Kjell-Erik Ruud både opna og avslutta med å kunngjera kva for eit eventyr det har vore å jobba med Kiyoshi. Både banksjef i Voss Vekselbank Einar Larsen og festivalsjef i Vossa Jazz Trude Storheim var særs nøgde med valet av kunstnar som dei valde til oppdragsverket for under eit år sidan. Kamppoet Taro begeistra med sitt innslag av poesi på staden og Kiyoshi fekk både ros og lærdom med seg av kunstutstillingsopnar og professor på Kunsthøgskolen i Bergen Hilde Hauan Johnsen som trekte fram den makalause eigenskapen hans til å sjå fargar sjølv i skuggane. Mest av alt fekk publikum sjå med eigne auge kva denne makalause unge kunstnaren har fått til – og til eigne auge kan ein få eigne solbriller for å sjå verda kanskje litt annleis!

Opningstider i Banksmidja:

Fredag 13-17

Laurdag 10 – 16.30

Sundag 11 – 15

Solbriller kan kjøpast i Banksmidja eller på billettkontoret og kostar skarve 300 kr!

Les meir om Kiyoshi og utstillinga her!

Del gjerne!