Endring i programmet!

_ivar

Smyr har diverre vorte hindra i å stilla under opninga av festivalutstillinga «Møte med veggen» på torsdag. I staden er me glade og forventningsfulle til minikonsert med Ivar & Ivar! Ivar B. Løne: kornkvernar og surkålkonge sjefskverulant og yrkesdemonstrant titlane er mange. No debuterer Ivar B. som jazzpoet i ein alder av 87 år. Med seg på lur har han Ivar Kvåle Vossa Jazz-veteran og fast opnar av festivalen. I år tjuvstartar han med lurspel på Hestavangen. Og er me heldige får han tonefylgje av Ivar B. Løne sine steppesko.Oppmodar alle til å få med seg denne happeninga framfor veggen der Enkjeheimen stod veggen som prydar årets festivalplakat

Del gjerne!