Ekstremt vakkert ved Raundalselva

Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz denne gongen i Raundalen ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.

Om lag 100 publikummarar både ekstremsportutøvarar og andre gjester fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.