Eit rocka gutekor i Vangskyrkja

Ei fullsett Vangskyrkje tok i mot Real Ones – og forventningane var høge etter gode omtaler og rykte frå tidligare konsertar. Real Ones klarar å blanda inn element av folk og rock i ”Misa Criolla” som gjer dette til ei spesiell oppleving.

Vokalharmonisering i beste korstil gjev ein ytterlegare dimensjon til Real Ones og bidreg til at stemninga kan veksla frå det sakrale til folkrock.

Apeland og Opheim heldt preike med tromme og trøorgel med kyrkjelyd og resterande bandmedlemmane i andakt. Etter ein runde med trampeklapp i kyrkja vart det ekstranummer med ”Gloria” som er ein av dei mer livlege delane i messa ”Misa Criolla”.