Ein mann. Eitt piano

eyolf_dale_1

Med uttrykksfull iver synte Dale seg som ein intuitiv pianist. Og med tyngde på tangentane og god kontakt med flygelet brukte han heile kroppen i sitt pianospel og formeleg kasta seg utover pianoet si heile vidd. Han har fullstendig kontroll berre fantasien set grenser i Dale sitt lyrisk-musikalske univers. Og fantasi er der mykje av! Ikkje overraskande vart virtuosen klappa inn att på scena og ut av ermet drog han eit ekstranummer prega av skiftande rytmar i eit komplekst lydbilete – og det heilt aleine med eit piano.   

Del gjerne!