Duplex vinnarar av delfinalen i Jazzintro!

duplex_0

 

Dette var ein av i alt fire delfinalar i Jazz Intro som leier opp mot finalen på Moldejazz. Der skal dei konkurrera om tittelen Årets unge jazzmusikere 2012.

Duplex tok frå start av kontroll på salen og publikum og klarte med sitt eminente engasjement å visa seg frå si beste side. Musikarane som begge kjem frå Musikkhøgskolen viser med sitt særlige uttrykk med eigenkomponert musikk at dei er verdige mottakarar av finaleplassen.

Bodvar Torner Trio som spring ut frå Jazzlinja på NTNU   var den andre  deltakaren  på delfinalen. Dei klarte å erstatta sola som ein gikk inn i frå med sol frå scena – ein solstorm på trommer ein solvind på bass og solstrålar frå pianoet. Sjølv om dei ikkje nådde opp denne gong er me sikre på me kjem til å høyre frå desse karane igjen. 

Del gjerne!